Du er ikkje, jo du er

Det er ingenting her, og alt. Usynlege årringar, stengt inne i
trær som veks med usynleg hastigheit, skrik som aldri blir hørt,
eller blir hørt av nokon med særskilt følsom hørsel, og som dermed
splerrer duken bak øyrene lik ei gardin som blir riven i to, og
du kan ikkje leve med ein flerra gardin, men du må. Raude gardiner
er fint mot grå himmel.
Kva gjer desse som ikkje høyrer, eller latar som. Kvar skal dei?
Kvar er dei? Vandrar dei omkring ute i eit hjørne, i den
mørke resten vi aldri kan forstå. Men dei må komme frå ein stad.
Ein stad har det starta. Det fins fjell som er tre milliardar år gammalt. Det eldste fjellet fins i verdas ytterkantar. Inni fjellet små mikrotunnellar. Det kan vere der vi kjem frå. Det eldgamle fjellet. Dei trange tunnellane. Men ingen veit sikkert.
Det som er sikkert er at vi heng fast i lysa frå byen, frå telefonane som alltid ringer eller aldri. Stadig (eller likevel) er det ingen fuglar, ingen samtale, ingen silkeskjerf eller minnebrikker, ingen fyrtårn eller plastposar, eller frigitte slavar fra forlengst tapte borgarkrigar. Er dette det som ikkje er? Er alle egentleg den same? Kva er eigentleg skilnaden på meg og deg?
Of course all life is a process of breaking down*
I dette stille bildet er ingen blenkande aksjekursar, ingen gråtande barn, ueksploderte miner, ulykkelege ekteskap eller knirkande sykkeleiker. Det er berre plass til ein i biletet, og det er ikkje gardiner, det er utopi å tru noko anna. Ingen gardiner. Men heller ingen skitne flekkar på gardinene som ikkje er raude. Ingen fuglebrett med kasserte smular. Ikkje mindre ikkje meir. Dette, her no. Om det er ein Gud må du dikte han sjølv. Livet ditt skriv du kver dag, i ei dagbok utan ark, men du diktar og diktar, medan du fotograferer andre, og roper til dei eller kviskrar. Det varierer kva som lønner seg. Til døve må ein finne meir sofistikerte løysingar. Dei som er, held seg for øyrene for å sleppe å høyre på ingenting. Eller for å hindre ekkoet å treffe akkurat der det gjer mest vondt?
Men stopp: The test of a first rate intelligence is the ability to hold two opposed ideas in the mind at the same time. One should for example, be able to see that things are hopeless and yet be determined to make them otherwise*
Det som er: Det er folk her. Dei er på veg. Det er nokon som prøver å finne
balansen, finne veien, få kontakt, og kva er det som stikk ut av hovudet på den kvitkledde? Er det mennesklege antenner? Prøver han å tune inn eksistensen. For om det så skulle vere at han likevel ikkje får inn nokre signal, om vi ventar berre litt til no, vil det komme noko anna. Vent. Med ei felles tolmodigheit. Berre litt til. Det er ei lov. Ikkje som i Noregs lover, men som i livets lov. Det vil komme krypande eller hoppande inn andre i bildet, andre med antennene tuna inn på sitt mest følsomme, og nokre gongar (sjeldant, men desto meir velkomment) vil det pipe i signala, og det kjem ei melding, som er umogleg å ta feil av:
Eg går inn i ditt bilde.


*frå "The Crack-Up", essay av F. Scott Fitzgerald, først publisert i the Esquire (1936).

Hilde Kristin Kvalvaag